Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

søndag 25. mars 2012

Søndagstur i strålande solskinn


Kaptein Roy på vei til Gassasundet
I dag blei det båttur til Gassasundet og joggetur derifrå og heim. Fantastisk å kjenne sola varme igjen. Sprang for det meste i Nike free skoene mine, har vore veldig stiv i høgre legg i det siste, og då kjennes det godt ut å springe med disse skoene. Sprang ca 1 km heilt barfot på fin asfalt, det var deilig! Litt vondt når det dukka opp ein stein her og der, men ikkje verre enn at eg tålte det godt.         

Nydelig tur over bruene.

Denne veka hadde eg planer om ca 20 km. Det enda med to turer på tilsaman ca 14 km. Nådde ikkje målet mitt, men litt er betre enn ingenting og neste veke er det ny veke og nye mulighetar!





Utsikt mot Stordabruo og Siggjo.

Nesten høgtidleg å springe over Stordabruo i så fint vær














søndag 18. mars 2012

Frå Isdal til Vatnadalen

Fine skogsvegar å springe på.

I dag hadde eg ikkje så lyst å springe. Tru det eller ei, men eg var på Parkour trening på fredag og kroppen har vore fullstendig full av gangsperr! Veldig kjekk trening! Kven skulle tru at å hoppa over betongelement og andre hinder skulle vera så kjekt, men kjekt er det og eg kjem nok til å fortsetje med det. Stord har fått sin egen Parkor trener frå England. Den største gruppa som driv med dette er nok gutar i 12 - 14 års alderen.........og så meg og eit par av veninnene mine då, godt vaksne damer :-)

Joggeturen i dag blei bra den, til tross for gangsperr og vonde bein. Det gjekk helst seint og eg måtte gå opp dei brattaste bakkane. Klarte å tilbakelegge 9 km og nådde dermed nesten målet mitt på 20 km denne veka. No får eg kvila beina og strikka resten av kvelden. Neste veke satsar eg på nye 20 km.

torsdag 15. mars 2012

"Barfotløp" i Valvatnaskogen

I dag har eg og Balto hatt oss ein fin tur i Valvatnaskogen. Prøvde meg på 4 x 4 minutts intervaller i dag. Det er utruleg kor mykje lettare det går å springe no enn då eg starta ut rett før jul, formen er på vei oppover. Har stort sett sprunge i  Vibram five finger sko. I starten var det kun korte turar, men no kan eg springe lengre og med høgare tempo utan at beina protesterer for mykje. I dag blei det 5,7 km.

Om tirsdagane har eg fast avtale med ei veninne om å springe. Det er supert. Me har meldt oss på Oslo maraton begge to, så det blir nok regelmessig trening framover!

Å kjenne at eg har lyst ut å springe er veldig kjekt, dørstokkmila er i ferd med å bli kortare og eg gledar meg (ofte) til å ta ein springetur.

Her er Balto i fullt firsprang, han har stigande formkurve han og !

Bilde tatt av Joar Matre Grimstad

søndag 11. mars 2012

Søndagstur gjennom Landåsen

Det blei søndag ettermiddag før eg kom meg ut i dag. Denne veka har det blitt mindre springing enn eg hadde tenkt, men eg har iallefall vore ute 3 gonger, om ikkje så langt kvar gong...
I dag var det vått og mildt ute, deilig når eg fyrst er i gang. I skogen traff eg Inger Alise, mi gode veninne, på tur med hunden sin. Kjekt å slå av ein prat. Sprang og forbi "Eventyrskogen" og måtte ta eit bilde av prinsessen på erten, fantastisk flott med eventyrfigurer i skogen :-)

Det gjekk fint med beina i dag, sprang ca 8 km. Kjennes ut som om eg tåler meir og meir når det gjeld å springe i barfotskoene mine.

Inger Alise
Prinsessen på erten i eventyrskogen

søndag 4. mars 2012

Veke 9

Når eg ser på kor mykje eg har sprunge så ser eg ein tydeleg progresjon i antall kilometer. Om ikkje det er dei heilt store distansane så er eg iallefall igang regelmessig. Sist veke hadde eg som mål å springe 20 km tilsaman, enda på heile 25 og var strålande fornøgd. Det var til og med sol og vår i lufta eine dagen eg var ute !

I går hadde eg den lengste turen min på lenge, heile 10,8 km. Sprang heim frå jobb gjennom skogen. Stivna noko til i leggene på slutten, men ikkje meir at eg klarte å gå på fest i høge hælar på kvelden. 

Då er det berre å setje mål for neste veke. 20 km trur eg er passelig, så får eg sjå om det totale antallet blir over eller under når veka er omme....