Det blei søndag ettermiddag før eg kom meg ut i dag. Denne veka har det blitt mindre springing enn eg hadde tenkt, men eg har iallefall vore ute 3 gonger, om ikkje så langt kvar gong...
I dag var det vått og mildt ute, deilig når eg fyrst er i gang. I skogen traff eg Inger Alise, mi gode veninne, på tur med hunden sin. Kjekt å slå av ein prat. Sprang og forbi "Eventyrskogen" og måtte ta eit bilde av prinsessen på erten, fantastisk flott med eventyrfigurer i skogen :-)
Det gjekk fint med beina i dag, sprang ca 8 km. Kjennes ut som om eg tåler meir og meir når det gjeld å springe i barfotskoene mine.
![]() |
| Inger Alise |
![]() |
| Prinsessen på erten i eventyrskogen |


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar