Endelig sol! Det har me venta lenge på. Deilig med ein joggetur i skogen på morgonkvisten saman med mannen min. Eg er imponert over han, ser ut for at han har tenkt å komme i form han og. Prøvde meg i barfotskoene mine i dag og og det gjekk over all forventning. Over 3 km. Formen er på vei, sakte men sikkert. Her er det om å gjere å fortsette regelmessig så er eg sikker på at springegleden kjem snikande etterkvart. Førebels kjennes det mest tungt ut. Det hjelper å springe nesten barfot, det er ein opplevelse i seg sjølv.
Frå skippertak til regelmessig trening.
Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.
I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.
Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

fredag 30. desember 2011
onsdag 28. desember 2011
Barfot
Å springe barfot er noko som fasinerer meg. Har prøvd litt, men ikkje komme så langt. I dag sprang eg nesten 2 km i dei flotte "Vibram five finger" skoene mine. Prinsippet er å lande på forfoten og å ha fokus på å løfte knærne når du spring. Kroppen skal vere rett og i god balanse og stegene skal vere små. 2 km i dag gjekk fint, skal sjå det blir lengre på neste tur. Har litt problem med venstre foten når eg spring, blir spennande å sjå korleis den blir når eg spring barfot. Barfotløparar påstår at sko berre er med å gi fotproblem, så då får eg sjå då, om å springa uten sko gjer at eg blir kvitt mitt fotproblem.
mandag 26. desember 2011
2. Juledag 2011
![]() |
søndag 25. desember 2011
1. Juledag 2011
I dag blei det tur til fjells med mann, sønn og hund. Været var ikkje noko å skryte av, men ein times tur i øs pøs regnvær gjorde godt før neste middagsbesøk ;-)
tirsdag 20. desember 2011
Er nett kommen inn frå ein flott treningstur rett utenfor huset mitt. Har bestemt meg for å gjennomføre ein del 4 x 4 minutts intervalltreningar framover slik at eg raskast mogleg kjem meg i litt betre form enn eg er no.
Utenfor huset har eg ein lang bakke som det tar ca 4 minutt å springe opp. Syns ikkje det gjekk så verst i dag, kjenner at eg må ta bakken i roleg tempo for ikkje å stivne fullstendig før eg når toppen. Klarte å gjennomføre alle 4 minuttene. Godt fornøgd med meg sjølv etterpå. Det kjennes bra å vere igang igjen, no er det berre fortsettelsen som gjenstår.....

søndag 18. desember 2011
Har vore inne på http://www.ntnu.no/cerg/vo2max og testa meg i forhold til kondisjon og estimert kondisjonsalder. Havna på eit kalkulert VO2MAX på 37 og ein estimert kondisjonsalder på 42. Får sjå om det endrar seg i løpet av dei neste månadene.
Oslo maraton 2010
Her er eg godt igang med Oslo marathon i september 2010. Sprang fortare enn i København og var i mål på tida 4:42:52. Veldig fornøgd med det!
København maraton 2010
Her er bilde frå mitt fyrste maraton i København i mai 2010. Det var langt og eg var veldig sliten då eg kom i mål, men eg klarte det!!!!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)