Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

søndag 18. desember 2011

Har vore inne på http://www.ntnu.no/cerg/vo2max og testa meg i forhold til kondisjon og estimert kondisjonsalder. Havna på eit kalkulert VO2MAX på 37 og ein estimert kondisjonsalder på 42. Får sjå om det endrar seg i løpet av dei neste månadene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar