Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

onsdag 28. desember 2011

Barfot


Å springe barfot er noko som fasinerer meg. Har prøvd litt, men ikkje komme så langt. I dag sprang eg nesten 2 km i dei flotte "Vibram five finger" skoene mine. Prinsippet er å lande på forfoten og å ha fokus på å løfte knærne når du spring. Kroppen skal vere rett og i god balanse og stegene skal vere små. 2 km i dag gjekk fint, skal sjå det blir lengre på neste tur. Har litt problem med venstre foten når eg spring, blir spennande å sjå korleis den blir når eg spring barfot. Barfotløparar påstår at sko berre er med å gi fotproblem, så då får eg sjå då, om å springa uten sko gjer at eg blir kvitt mitt fotproblem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar