Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

tirsdag 20. desember 2011

Er nett kommen inn frå ein flott treningstur rett utenfor huset mitt. Har bestemt meg for å gjennomføre ein del 4 x 4 minutts intervalltreningar framover slik at eg raskast mogleg kjem meg i litt betre form enn eg er no.

Utenfor huset har eg ein lang bakke som det tar ca 4 minutt å springe opp. Syns ikkje det gjekk så verst i dag, kjenner at eg må ta bakken i roleg tempo for ikkje å stivne fullstendig før eg når toppen. Klarte å gjennomføre alle 4 minuttene. Godt fornøgd med meg sjølv etterpå. Det kjennes bra å vere igang igjen, no er det berre  fortsettelsen som gjenstår.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar