Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

fredag 30. desember 2011

Trollskogen rundt


Endelig sol!  Det har me venta lenge på. Deilig med ein joggetur i skogen på morgonkvisten saman med mannen min. Eg er imponert over han, ser ut for at han har tenkt å komme i form han og. Prøvde meg i barfotskoene mine i dag og og det gjekk over all forventning. Over 3 km. Formen er på vei, sakte men sikkert. Her er det om å gjere å fortsette regelmessig så er eg sikker på at springegleden kjem snikande etterkvart. Førebels kjennes det mest tungt ut. Det hjelper å springe nesten barfot, det er ein opplevelse i seg sjølv. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar