![]() |
Fine skogsvegar å springe på.
|
I dag hadde eg ikkje så lyst å springe. Tru det eller ei, men eg var på Parkour trening på fredag og kroppen har vore fullstendig full av gangsperr! Veldig kjekk trening! Kven skulle tru at å hoppa over betongelement og andre hinder skulle vera så kjekt, men kjekt er det og eg kjem nok til å fortsetje med det. Stord har fått sin egen Parkor trener frå England. Den største gruppa som driv med dette er nok gutar i 12 - 14 års alderen.........og så meg og eit par av veninnene mine då, godt vaksne damer :-)
Joggeturen i dag blei bra den, til tross for gangsperr og vonde bein. Det gjekk helst seint og eg måtte gå opp dei brattaste bakkane. Klarte å tilbakelegge 9 km og nådde dermed nesten målet mitt på 20 km denne veka. No får eg kvila beina og strikka resten av kvelden. Neste veke satsar eg på nye 20 km.

Flott sti/veg :)
SvarSlettHadde du på deg vff på Parkour trening?
Nei, eg hadde på meg nokre Nike free sko som er veldig lette. Vff hadde nok vore tingen på Parkour :)
Slett