Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

søndag 26. februar 2012

Søndagstur i vårværet

I dag var det heilt nydelig ute, vår i lufta og tørr asfalt. Sprang nesten 6 km i Vibram five finger skoene mine, det gjekk heilt fint, ingen stive legger i dag. 

Her spring eg forbi eit gamalt eldhus på Valvatna, har lyst å ta litt bilder når eg spring, det er så mykje fint å sjå, spesielt om våren.

Eg er fornøgd med springinga denne veka, enda opp med nesten 17 kilometer totalt. Tirsdag hadde eg ein fin kveldstur med Rannveig, torsdag blei det ein tur åleine i øsande regn og i dag ein tur i nydelig vårvær. Neste veke skal eg til Bergen, treningskleda er pakka så eg får sjå om det ikkje blir ein tur eller to i Fjellveien.

1 kommentar: