I går hadde eg meg ein kort tur i Fjelllveien, utruleg kjekt å springe og nyte utsikten over Bergen by. Nydelig å springe inne blant alle smitt og smau og sjå på den fantastisk fine trehusbegyggelsen. Kjekt å vere tilbake i Bergen etter gammalt. Eg budde her frå 1985 til 1995, nesten 100 år sidan....
I dag sprang eg Fjellveien sørover, ca på høgde med store Lungårdsvatn sprang/gjekk eg oppover bakkane og tilbake mot byn. Var såvidt innom Skansemyren idrettsplass og kjente suset frå den tida eg gjekk på idrettslinja på Lærarskulen....såg for meg klassen der me sto på med spydkast og diskos.....fantastisk kjekk tid igrunn. Litt mimring må til når eg fyrst er i byn.
Har fått meg sokkar med tær, i dag. Passar perfekt til Vibram skoene mine. Deilig å ha dei på inni skoene. Det går ganske bra med "barfot" springinga. Høgre legg vil lett stivne til, men dette har eg oversett desse to dagane og får sjå korleis det går. Har sprunge ca 9 km tilsammen i går og i dag, fornøgd med det!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar