Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

onsdag 29. februar 2012

Bergen har mykje fint å by på !


I går hadde eg meg ein kort tur i Fjelllveien, utruleg kjekt å springe og nyte utsikten over Bergen by. Nydelig å springe inne blant alle smitt og smau og sjå på den fantastisk fine trehusbegyggelsen. Kjekt å vere tilbake i Bergen etter gammalt.  Eg budde her frå 1985 til 1995, nesten 100 år sidan....

I dag sprang eg Fjellveien sørover, ca på høgde med store Lungårdsvatn sprang/gjekk eg oppover bakkane og tilbake mot byn. Var såvidt innom Skansemyren idrettsplass og kjente suset frå den tida eg gjekk på idrettslinja på Lærarskulen....såg for meg klassen der me sto på med spydkast og diskos.....fantastisk kjekk tid igrunn. Litt mimring må til når eg fyrst er i byn. 

Har fått meg sokkar med tær, i dag. Passar perfekt til Vibram skoene mine. Deilig å ha dei på inni skoene. Det går ganske bra med "barfot" springinga. Høgre legg vil lett stivne til, men dette har eg oversett desse to dagane og får sjå korleis det går. Har sprunge ca 9 km tilsammen i går og i dag, fornøgd med det!

Fjellveien
Smau ved Fløybanen
Utsikt over Bergen frå Fjellveien
                              

søndag 26. februar 2012

Søndagstur i vårværet

I dag var det heilt nydelig ute, vår i lufta og tørr asfalt. Sprang nesten 6 km i Vibram five finger skoene mine, det gjekk heilt fint, ingen stive legger i dag. 

Her spring eg forbi eit gamalt eldhus på Valvatna, har lyst å ta litt bilder når eg spring, det er så mykje fint å sjå, spesielt om våren.

Eg er fornøgd med springinga denne veka, enda opp med nesten 17 kilometer totalt. Tirsdag hadde eg ein fin kveldstur med Rannveig, torsdag blei det ein tur åleine i øsande regn og i dag ein tur i nydelig vårvær. Neste veke skal eg til Bergen, treningskleda er pakka så eg får sjå om det ikkje blir ein tur eller to i Fjellveien.

lørdag 25. februar 2012

Oslo Maraton 2012

I dag annonserte lokalavisa Sunnhordland med fellestur til Oslo Maraton 22. september....og eg har meldt meg på! No er det berre å stå på vidare :-)

lørdag 18. februar 2012

Tur i regnet på ein laurdags føremiddag


Laurdag 18. februar er ein svært våt og regnfull dag. Etter å ha studert værmeldinga på yr såg det ut til å vere eit smutthol, med litt mindre regn, mellom 11 og 12 på føremiddagen. Nils Magne, så sporty som han er,  stilte opp på kort varsel i regnværet. Turen gjekk frå Valvatna til Skjepåsen og retur langs hovudvegen. Det var veldig isete i skogen, men enkelte plassar var det råd å skimte barmark og det gav eit håp om at våren kan vere i anmarsj.

Denne veka har vore ei god springeveke. Hadde som mål å springe 15 km og enda opp med heile 18. Det seier eg meg vel fornøgd med. Kjenner at det gjer godt for kropp og skjel å springe. Å springe saman med nokon gjev ekstra motivasjon :-)

mandag 13. februar 2012

Roleg start på februar


Etter det 7 km lange barfotløpet mitt frå Leirvik til Sagvåg i jaunuar, enda eg opp med intens gangsperr i leggene, tok mange dagar å ta seg inn igjen....så blei eg litt forkjøla......så reiste eg til Bergen ei veke....og vips....var det gått lang tid uten regelmessig trening.

Her er det berre å gå på med nytt mot, til tross for is, regn, snø og mørke. Hadde meg ein fin tur med musikk på øyrene på laurdag. Planen var ny tur i dag, mandag, men i dag kom det 10 cm nysnø av det våte slaget. Værmeldinga sa regn, noko eg hadde sett fram til, men slik blei det ikkje. Skal prøve å finne meg ei tredemølle i dag og gjennomføre ei intervalløkt med 4 x 4min inntervaller. Det gjer nok susen!