Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

lørdag 18. februar 2012

Tur i regnet på ein laurdags føremiddag


Laurdag 18. februar er ein svært våt og regnfull dag. Etter å ha studert værmeldinga på yr såg det ut til å vere eit smutthol, med litt mindre regn, mellom 11 og 12 på føremiddagen. Nils Magne, så sporty som han er,  stilte opp på kort varsel i regnværet. Turen gjekk frå Valvatna til Skjepåsen og retur langs hovudvegen. Det var veldig isete i skogen, men enkelte plassar var det råd å skimte barmark og det gav eit håp om at våren kan vere i anmarsj.

Denne veka har vore ei god springeveke. Hadde som mål å springe 15 km og enda opp med heile 18. Det seier eg meg vel fornøgd med. Kjenner at det gjer godt for kropp og skjel å springe. Å springe saman med nokon gjev ekstra motivasjon :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar