Då eg kikka ut vindauga tidleg på morgonen kunne eg med glede sjå at isen var vekke, eg bestemte meg for morgontur i skogen. I skogen låg det noko meir is, men det gjekk fint allikevel. Må berre vere litt forsiktig undervegs.
Sprang andre turen på ca 4 km denne veka, med Vibram five fingers. Blir veldig kald på beina dei fyrste 2 km, men deretter kjem varmen tilbake. Har som sagt vore plaga med smerter under venstre fot, stramt ligament under foten. Dette er iferd med å komme seg. Fyrste turen denne veka var ganske vond, men tur nr 2 gjekk mykje betre. Ser lyst på framtida i forhold til springing no!
Å springe nesten barfot krev konsentrasjon og tålmodighet. Blir ein for ivrig er det lett å pådra seg smerter både her og der, men med tålmodighet ser det ut for at det går fint. 4 km i dag utan problem! Eg er kjempefornøgd!

gler meg til å følga med her :)
SvarSletttakk for i går, kanon kjekt! Men i dag... drittdag, fy f... kor fullasjuk :)
Henriette