Frå skippertak til regelmessig trening.

Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.

I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.

Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

torsdag 26. januar 2012

Kveldstur i januar

Det vart torsdag før eg kom meg ut på joggetur denne veka, men når eg fyrst kom meg ut vart det ein fin tur langs landevegen frå Leirvik til Sagvåg. Sprang nesten 8 km i barfotsko. Det er det lengste eg har sprunge med disse skoene og det var ikkje fritt for at eg stivna i leggene dei siste par kilometrene.  Utruleg deilig å komma ut, Robbie Williams på øyrene og Balto i fin stil føre meg. Satsar på ny tur ut på lørdag, då blir det i dagslys :-)




































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar