Sant å sei er eg iallefall i ferd med å komme igang med regelmessig trening. Målet denne veka var totalt 10 km, eg sprang 8,7 km noko eg er fornøgd med. Det vart to treningsøkter, ei intervalløkt og ei økt på nesten 5 km. Været er surt og kaldt. Søndagen kom med strålande solskinn og ein tur til hytta. Satsar på å passere 12 km neste veke :-)
Frå skippertak til regelmessig trening.
Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.
I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.
Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar