Det vart torsdag før eg kom meg ut på joggetur denne veka, men når eg fyrst kom meg ut vart det ein fin tur langs landevegen frå Leirvik til Sagvåg. Sprang nesten 8 km i barfotsko. Det er det lengste eg har sprunge med disse skoene og det var ikkje fritt for at eg stivna i leggene dei siste par kilometrene. Utruleg deilig å komma ut, Robbie Williams på øyrene og Balto i fin stil føre meg. Satsar på ny tur ut på lørdag, då blir det i dagslys :-)




