Frå skippertak til regelmessig trening.
Planen med denne bloggen er å prøve å komme inn i gode vaner med regelmessig trening.
I fjor (det vil sei i forfjor 2010) var eg godt i gang med å springe regelmessig, men etter å ha gjennomført maraton i København og i Oslo vart eg lei og kom aldri skikkelig igang igjen. Å springe maraton var ei stor oppleving, ein seier for meg sjølv. Dette hadde eg drøymt om lenge og klarte tilslutt å gjennomføre.
Eg har lyst å springe nye maraton, men no har dørstokkmila blitt for lang og det er lett å finne alle mulige unnskyldningar for ikkje å ta turen ut. Satsar på at dette er begynnelsen på eit nytt og betre springeliv. God form gir energi i kvardagen, det har eg ikkje lyst å gå glipp av!

lørdag 1. juni 2013
Haugesund halvmaraton 1. juni 2013
I dag skal eg springe halvmaraton i Haugesund. Har tenkt å ta det som ein roleg langtur. Kjenner eg er spent på korleis det skal gå. Eg har trent regelmessig, men har ikkje hatt så mange langturar. Målet er å fullføre :-)
søndag 17. februar 2013
Vinteren 2012 og 2013
Sidan Oslo halvmaraton i september har eg sprunge jevnt og trutt. Eg har vore ute ca 3 x i veka og sprunge mellom 20 og 30 km kvar veke. No er det Reykjarvik maraton 24. August som er målet. Team Sunnhordland er klar igjen. Det er blitt ein vane å springe, gleder meg til å gå ut sjølv i regn og mørke. No er eg i gang med Nils Hetleflåt sitt treningsprogram, skreddersydd for å få oss Sunnhordlendingar klare for Reykjarvik. Denne veka er det 3 økter, ei på 45 minutt, ei på 50 minutt og ei på 70 minutt. Alt i roleg tempo. Gjennom vinteren har eg hatt godt selskap i skogen, kjekt å ha nokon å springe med.
søndag 21. oktober 2012
Oslo halvmaraton 2012
Har ikkje vore den ivrigaste bloggaren i det siste, men jogga har eg gjort jevnt og trutt om ikkje så langt kvar gong. 22. September sprang eg halvmaraton i Oslo på tida 2 timar 16 minutt og nokre sekund eg ikkje huskar. Veldig kjekt, men tungt. Hadde nok ikkje tilbakelagt nok kilometer på førehand. Fornøgd er eg allikevel! Hadde ein kjempekjekk tur saman med over 60 andre frå Stord! Team Sunnhordland er eit bra reisefylgje! Neste mål er maraton i Reykjarvik i august 2013, hvis alt går etter planen stiller eg til start der.
torsdag 5. april 2012
Skjærtorsdag
Sist veke blei det kun ein springetur, det blei helgetur til Vågslid og eit par korte skiturar istaden for springing. Denne veka satsar eg på fleire turar. Hadde ein fin 7 km tur i Landåsen på tirsdag i lag med Ranveig. I dag var eg tidleg oppe og sprang langintervaller i skogen før familien var stått opp. Har ikkje frista å springe så tidleg før, men eg bestemte meg for å prøve. Hvis eg utset springinga til seint på dagen er det lett for at det ikkje blir.....Det gjekk overraskande bra. Kroppen og beina kjentes samarbeidsvillige ut og energien var på topp når eg kom heim. Deilig med påskeferie, satsar på fint ver i morgon!
søndag 25. mars 2012
Søndagstur i strålande solskinn
![]() |
| Kaptein Roy på vei til Gassasundet |
I dag blei det båttur til Gassasundet og joggetur derifrå og heim. Fantastisk å kjenne sola varme igjen. Sprang for det meste i Nike free skoene mine, har vore veldig stiv i høgre legg i det siste, og då kjennes det godt ut å springe med disse skoene. Sprang ca 1 km heilt barfot på fin asfalt, det var deilig! Litt vondt når det dukka opp ein stein her og der, men ikkje verre enn at eg tålte det godt.
Nydelig tur over bruene.
Denne veka hadde eg planer om ca 20 km. Det enda med to turer på tilsaman ca 14 km. Nådde ikkje målet mitt, men litt er betre enn ingenting og neste veke er det ny veke og nye mulighetar!
![]() |
| Utsikt mot Stordabruo og Siggjo. |
søndag 18. mars 2012
Frå Isdal til Vatnadalen
![]() |
Fine skogsvegar å springe på.
|
I dag hadde eg ikkje så lyst å springe. Tru det eller ei, men eg var på Parkour trening på fredag og kroppen har vore fullstendig full av gangsperr! Veldig kjekk trening! Kven skulle tru at å hoppa over betongelement og andre hinder skulle vera så kjekt, men kjekt er det og eg kjem nok til å fortsetje med det. Stord har fått sin egen Parkor trener frå England. Den største gruppa som driv med dette er nok gutar i 12 - 14 års alderen.........og så meg og eit par av veninnene mine då, godt vaksne damer :-)
Joggeturen i dag blei bra den, til tross for gangsperr og vonde bein. Det gjekk helst seint og eg måtte gå opp dei brattaste bakkane. Klarte å tilbakelegge 9 km og nådde dermed nesten målet mitt på 20 km denne veka. No får eg kvila beina og strikka resten av kvelden. Neste veke satsar eg på nye 20 km.
torsdag 15. mars 2012
"Barfotløp" i Valvatnaskogen
I dag har eg og Balto hatt oss ein fin tur i Valvatnaskogen. Prøvde meg på 4 x 4 minutts intervaller i dag. Det er utruleg kor mykje lettare det går å springe no enn då eg starta ut rett før jul, formen er på vei oppover. Har stort sett sprunge i Vibram five finger sko. I starten var det kun korte turar, men no kan eg springe lengre og med høgare tempo utan at beina protesterer for mykje. I dag blei det 5,7 km.
Om tirsdagane har eg fast avtale med ei veninne om å springe. Det er supert. Me har meldt oss på Oslo maraton begge to, så det blir nok regelmessig trening framover!
Å kjenne at eg har lyst ut å springe er veldig kjekt, dørstokkmila er i ferd med å bli kortare og eg gledar meg (ofte) til å ta ein springetur.
Her er Balto i fullt firsprang, han har stigande formkurve han og !

| Bilde tatt av Joar Matre Grimstad |
Abonner på:
Kommentarer (Atom)